Velkomne til bondebryllaup!
Opplev korleis eit bryllup kunne foregå på 1800 talet. Programet på Holsdagen er inspirert av fleire historier frå Hol kommune som du kan lesa meir om her. I tilknytning til Holsdagen er det ofte marknad på Hol bygdemuseum med tilbod på lokalprodusert mat, kunst, handverk, bøker m.m.
Om kvelden kan du vera med på Holsdagsfesten som i år er på Vestlia Resort - ta kontakt med knut@medhus.info for førehandsbestillingar av billettar.
Program
Kl. 11.00: Messe med vigsle av brudeparet i Hol gamle kyrkje. Det er fri tilgang til kyrkja etter at alle med bunadar som er med i brudefølgjet, har teke plass.
Kl. 11.30: Brylluppsferda startar frå Hol gamle kyrkje og går langs fylkesveg 50 til bryllupsgarden i Hol bygdemuseum.
Kl. 12.45: Brudefølget kjem til gards på Hol bygdemuseum ved Hagafoss. Dei blir helsa med lurblåsing Anne Marie Kollhus. Fyritalsmennene orienterer på norsk og engelsk om brureskikkar og tradisjonar.
- Brurevisa frå Hallingdal blir sunge til brudeparet.
- Brureparet dansar fyrste dansen - som kallast "å legge krossen"!
- Presentasjon av bunadane frå Hallingdal.
- Halling med sprelske hallingkast
- Diverse innslag frå folkelivet i eldre tider
- Hallingspringar med 2 følgju - danse med 2 damer samtidig
Kl. 18.00: Holsdagsfest på Vestlia Resort – eigne billettar (NOK 395,- per billett) kjøper du på ved å sende e-post til knut@medhus.info.
Meir informasjon: