Program
Programmet til Holsdagen er forskjellig frå år til år, men baserer seg alltid på historier og tradisjoner frå 1800-talet i Hallingdal. Finn årets program her...
Bondebryllaup på Holsdagen viser korleis eit gjestebod vart gjennomført på 1800-talet i Hallingdal.
Arrangementet legg sterk vekt på å vera tradisjonsretta, og har vore arrangert kvart år sidan 1957. Les vidare om dagen her.
Svein Inge Øen
1952 - 2020
Svein Inge Øen vart brått riven bort av koronaviruset våren 2020. For Holsdagen var Svein Inge ein svært viktig person. I svært mange år var han med og drog arrangementet ved at han aktivt tok del i både planlegging og gjennomføring. Det kunne nok butte mot for oss innimellom når me arbeidde med Holsdagen, men Svein Inge var den som alltid såg moglegheiter i staden for hindringar. Positiv og smilande alltid og med JA til svar på alle utfordringar han fekk. Me kjem til å sakne han stort i det vidare arbeidet med Holsdagen, men minnene om den positive Svein Inge vil også hjelpe oss vidare. Våre tankar går ofte til familien hans i desse dagar.
For Holsdagsnemnda
Knut Medhus
leiar
Svein Inge Øen was abruptly torn off by the coronavirus in the spring of 2020. For the "Holsdagen", Svein Inge was a very important person. For many years he participated in the event by taking an active part in both planning and implementation. It might be daunting for us occasionally when working with the event, but Svein Inge was the one who always saw opportunities in the city for obstacles. Positive and smiling always and with YES in response to all challenges he faced. We will come to miss him very much in the ongoing work with "the day of Hol" (Holsdagen), but the memories of the positive Svein Inge will also help us further. Our thoughts often go to his family these days.
For the committee
Knut Medhus
leader