Hjarteleg velkomne til Holsdagen
Opplev korleis eit bryllup kunne foregå på 1800 talet. Programet på Holsdagen er inspirert av fleire historier frå Hol kommune som du kan lesa meir om her. I tilknytning til Holsdagen er det marknad på Hol bygdemuseum med tilbod på lokalprodusert mat, kunst, handverk, bøker m.m.
Om kvelden kan du vera med på Holsdagsfesten som i år er på Vestlia Resort - ta kontakt med knut@medhus.info for førehandsbestillingar av billettar.
PROGRAM
Kl. 11.00: Messe med vigsle av brudeparet i Hol gamle kyrkje. Det er fri tilgang til kyrkja etter at alle med bunadar som er med i brudefølgjet, har teke plass.
Kl. 11.30: Brylluppsferda startar frå Hol gamle kyrkje og går langs fylkesveg 50 til bryllupsgarden i Hol bygdemuseum.
Kl. 12.45: Brudefølget kjem til gards på Hol bygdemuseum ved Hagafoss. Dei blir helsa med lurblåsing Anne Marie Kollhus. Fyritalsmennene orienterer på norsk og engelsk om brureskikkar og tradisjonar.
- Brurevisa frå Hallingdal blir sunge til brudeparet.
- Brureparet dansar fyrste dansen - som kallast "å legge krossen"!
- Presentasjon av bunadane frå Hallingdal.
- Halling med sprelske hallingkast
- Diverse innslag frå folkelivet i eldre tider
- Hallingspringar med 2 følgju - danse med 2 damer samtidig
Kl. 20.00: Holsdagsfest på Vestlia Resort – eigne billettar (NOK 395,- per billett) kjøper du på ved å sende e-post til knut@medhus.info.
Sjå vidare: